Erling Holen-ill.

Friday, 26 February 2016

KROSSEN OG STJERNA Poesi – 1982 Del6 *Sigve Lauvaas


O.Garborg-ill.

DETTE ER EI MINNEBOK ANNO 1982





DETTE EINE

Så langt å gå, så langt,
berre for ein kveld, ei oppleving.
Ville gå stien over fjellet, som før.
Var der etter avtale, men aleine.
I denne verda, aleine.
Ser etter nokon, ser møtestader.
Nokon å snakke med om dette eine
som dreg ein utover, vestover, som held ein vaken.
Ville helst gå, tenkje, skrive ord som klør
etter å stå fast, dirrar i skuggenatta.
Dette som gjer ein rik og glad og vaken,
som får ein til å sjå innover heimlandet, seg sjølv.
Ropar etter dette som må kome,
dette eine som møter kvart menneske med trøyst
på ein haldeplass.

Eg ser skuggane kryp.
Landet som smykkar meg, som dreg meg opp
kvar morgon til ei tindrande verd.
At eg får oppleve dette.
Eg er fri til å føle, kjenne,
smake frukta av morgonen.

Det er min dag eg helsar.
Ein måne siglar forbi.
Aleine vil eg gå etter mjølkespannet,
etter deg som ropar og treng trøyst.

Eg ser etter fuglane i himmelrommet.
Kor lenge skal denne trafikken gå
før det heile stuper i kaos?
Vi er eit folk som går i tida,
klamrar oss til vær og vind.
Og naturkreftene ropar.
Det er helse i kvart steg. Eg vil gå til myra,
og hjelpe alle som søkk.
Eg vil vere redningsmann i Blåfjellet.

Og heilage vorde ditt namn.
Nå er det ikkje lenge før snøen kjem.
Snøskavlen brest ein dag.
Her er mange namn i slekta som ropar.


CELLEDIKT

Med vindauget ope, sit med tankar, filar ord.
Frisk vind, nye augo frå vest, stigar
mot fjellheimen, mot kvileheimen.
Her, under stjerner, heilt aleine,
set eg nye spor, set opp merkesteinar, vardar,
brenn bål for ei ny tid.

Smular går til fuglane, fuglane går til Afrika.
Vi treng eit nettverk av trådar
som kan gi dei fattige og sjuke eit nytt liv.


MINNEST

Minnest barndomen som gjekk,
ser spor etter små føter.
Rop som stilnar i mørket, svar som ikkje kom fram.
Blomane, steinbeda, rognbærtreet,
rimet som låg i vindauget, grå dagar, sommar.

Da eg fraus orda or kroppen, og vart stum.
Minnest ropet etter vegar, etter landskap, etter kraft.
Men dagen gjekk,og alt vart svart.

Eg helsar livet. Det er ei gåte, og ei gåve.
Takk for epletreet.
Kvart tre i hagen er ei open dør.
Stig inn. Her er bløming, frukt og bær.
I morgon kjem slekta.
Her er nok mat til alle.

Og regnet kjem på skrå,
og vi må gå den lange vegen
til Soria Moria.


TIDA

Det er den flyktige tida som tek oss i armen,
som ber oss fram til talarstolen, som legg oss i lenker.
Det er tida som held oss fast, som grip oss,
som gjev oss brød og kraft til dagen.
Vi vaker over bålet,
og smir våpen for ei ny tid.


EG VIL VERE

Slik du ser meg, vil eg vere.
Ingen treng å tenkje: eg er alt.
Eg er berre dette eine: jord og kalk.

Ikkje hus og slott kan måle draumen.
Signe den som må tåle flaumen
Og leve som ein narr i all si tid.

Vener held ord.
Eg vil vere den eg var i fjor.
Vere i denne skoddedraumen,
med englar og lys.

Eg er berre den eg er, skinn og bein,
Med eit varmt hjarta.
Eg er ein lovnad for framtida.
Eg skal heise flagg for Israel.

Sjå, eg stig. Eg har funnet ordet.
Fjellet er bratt, visdommen er høg.
Sanninga er lyset.

Eg søkjer ingen gravstein.
Mi reis er ikkje slutt.
Over fjell, og høgt til himmels,
Skal eg stige i ei sky.

Eg skal sjå når teppet rivnar,
Heise flagg i Davids by.

Eg er eit frø frå nord, frå smelteisen.
Eg lengtar tid å sjå Jerusalem.
Eg har eit rom ved tempelporten.
Der vil eg flytte inn ein dag.


ISRAEL

Auga ser. Landet talar.
Herren opnar dører.
Heile verda trugar Israel.
Dei gudlause spottar namnet.

Kven vil til Israel. I dag er døra open.
Jerusalem og Betlehem, Jeriko og Nasaret
Høyrer til det forfølgde hus.

Ord er tydelege i dette landet.
Ordet grip, berre ein tek imot.

Gi alt du eig til dei fattige.
Det er ikkje lenge att.
Klagemuren, Tempelet, Jakobs brønn
er eit vitnemål - at Herren lever.

Ta imot hans gåve, og du vert frisk.
Eit nytt menneske kan reise seg
 på vegen til Paradis.

Gjennom lyset og krossen er alt mogleg.
Livet er berre eit stadium.
Dag og natt er berre rom.
Snart skal vi sjå herren igjen.
Vi er hans stjerneteikn på jord.


TANKEN

Tanken kan låse seg. Tanken er fri.
Sjå til at striden er ferdig,
at fredstreet er planta i jord.

Eit tre skal vekse i draumen.
Ein tanke er som eit gitter,
Med signal for håp og tru.
Tankane dirrar og veks, og byggjer hus.

Tanken er ein reiskap, byggjesteinar,
som utvidar sirklane, som utvidar livet.
Nettverk med bruer og usynlege trådar
Bind oss saman med slekt og vener.
Kjærleiken veks i rommet.
Tanken er fri.
Og alle folk levande greiner
I tuntreet, verden..


TANKAR

Å vere aleine, sjå stjerner og
vandre langs gule krossar,
er som å vere til i mørkret.

Å vere ljos i mørkret, er som eit vindauge.
Du kan sjå, og du vert sett.
Himmelen er for alle.
Ein skulle få svar før ein er framme.


BØN

Alle er vi eit hus, eit rom for tru og tvil.
Med lyset får vi kraft.
Av ordet veit vi vegen.
Fattig er det menneske som ikkje ser lyset.
Krossen er for alle.

Krossen er eit ankar for vår tru.
Anden hjelper oss på vegen, opnar dører,
 og lyser for vår fot.
Takk for denne vegen til livet.
Takk for ditt levande ord.
Trua er ei gåve vi kan ta imot.
Hjelp alle til å sjå lyset på jord.


O.Garborg-ill.

No comments:

Post a Comment