![]() |
Skyer-ill. |
DETTE ER EI MINNEBOK ANNO 1982
TIL LESAREN
Søk ikkje
etter dikt
som er
blindgangar til havet,
søk etter
korn å ete.
Søk etter
sanninga, den er nær oss
i ordet
som skin.
Som
fyrtårn brenn diktet i marg og bein,
og gjev
kvile og trøyst.
Portar
opnar seg i diktet.
Kanskje
når du fram før meg,
og plukkar
blomar i hagen min?
Desse
dikta er sekundar av liv, søyler, portalar.
Lauvet
lokkar, og vinden ruskar i graset,
før natta
kjem, og det vert lyst
av
stjerner i rommet.
EI SOL
Ved vegs
ende er du ei sol.
Sjå på meg
- som skjelv i lyset.
Dropar av
liv var mi trøyst,
skuggen av
tre gav meg styrke.
Lyset er
elden som brenn evig,
og som
tømer seg over alt levande
kvar dag. -
Dette er mitt blod.
Dette er
mi gåve til verda.
MAKT
Alle har
skuld i krigen, alle er skuldige.
Alle har
ein brodd inn i denne verda.
Små nåler
brettar seg mellom folk.
Og eg tel
dagar for kvar mann på vegen.
Fjellet er
bratt, og døra trong.
Det er som
å gå i gir kvar dag - mot ukjendt mål.
Hinder
etter hinder veks fram med brodd.
Vi er ei
kraft som skal over alt, sette vardar,
og gå til
vi ser gapande munnar
på veg til
livet og lyset.
ELV
Ein straum
av menneske
jagar mot
stupet, hastar mot munningen,
lokkar og
rek som tømmer i stri elv.
Alle elvar
renn ut i havet, alle menneske
jagar med
tida.
Eit sug av
virvlande, roterande krefter
løyser seg
ut i fritt fall.
Elva
spring og smyg, fossar i stup
Og ålar
seg fram til havet.
Menneska
ser på, glanar.
Trafikken
grip tak i alle.
Vi masar
med impulsar, og hestekrefter på slep.
Men kvifor
så fort?
Kvifor
dette hastverket mot avgrunnen?
Alle vil
strekke seg,
før havet
gøymer oss.
TANKAR
Når verda
er blid og dagen er god
og hanen
gjel i sky, da vaknar eg glad
og skriv mitt
kvad, og reiser til Øyværet.
Her vil eg
finne mitt hus og min stav.
Her skal
eg vekse til natta kjem,
her skal
eg skrive mitt inste kvad,
og synge
for ein ny dag.
Med blomar
i hand skal eg telje ditt steg
over mo og
myr.
Eg skal
møte deg der.
Og du er
min kjærleik, mi festarmøy i Øyværet.
Berre eit
uver kan brenne vårt hus
og støyte vår fot.
Berre eg
veit kvar du bur, og eg hentar deg fort.
Eg gjev
deg ein ring for livet.
Med
kjærleik og tru skal eg bygge ei borg.
Med ord
skal eg meisle tankar og syn
og gje dei til målsmenn, vener og slekt.
Eg helsar dagen,
som sprengjer og riv
og veltar
skog og fjell.
Da er eg
heime - og byggjer eit gjestehus.
Ordet skal
leve, mannen må døy.
Det er
skrive i stein.
Heimlaus
eg var, men orda eg vann.
Nå held eg
fest for ei møy.
Bekken sildrar og hjarta slår,
klokkene
kimer i bygd og by. Ungdom, kjærleiken
tikkar og
går - mot ei ny tid,
over hav
og hei, over mo og myr.
Det er
vår!
DIKT
Korte brev
gjennom
luft og sol, til ei anna verd.
Ord på
leit etter nokon,
vil gjerne
bu i eit hjarta som spør.
Det teiknar
seg inn i vårt inste
og pregar
vårt liv.
Orda
bankar seg fast med ein tikkande lyd,
som ei
klokke som ropar vårt namn
og gjev
oss eit syn.
Kven er
det som bankar? Det kjem eit brev.
Ein framand søkjer ly!
Ein framand søkjer ly!
EINGONG
I mi bør
har eg mange namn.
Haugar og
tun, løer og naust, grinder og hus.
Bakkar og
vegar som andre gjekk før,
er bortgøymde
minne som spør: Kven er du?
Kven er du
som leitar i soga, og smiler og ler?
Vårt arbeid
og strev varer livet ut.
Vi stuper
for eiga bør.
Og slekta spør
etter namnet.
SAMAN
Å eige
saman eit hus
i kjærleik
og glede.
Å eige
verda saman i fred,
er som å
plante skog,
vokse i
undring og visdom.
Saman for
livet er draum.
Å leve i
fred er det største.
Alle er
vevd med sterke trådar,
Så vi
kunne kjenne opphavet.
Rettferd
og glede er meir enn tankar og dikt.
Det er
evige tonar, song, musikk, måleri.
Alt i
harmoni for livet,
for norske
fjordar og fjell.
for isbre,
øyar og hav.
Vi er saman
for malmen og blodet
Som signar
vårt opphav.
Og tida reiser
med oss.
Vi vaknar som
sysken,
Og byggjer
vår framtid blant Noregs fjell,
i lyset av
ein ny vår.
SJUK
Barnet
ligg stilt, det er seint på natt.
Ute er kvitt
av snø, og kaldt.
Gufsen
legg seg i rommet, grin.
Det er snart
slutt, og det er julekveld.
Barnet
tikkar i klokkestreng,
tikkar med
yrtynne slag.
Snart er
det roleg, så kjem det igjen,
livspust
til redning. Frelsaren kjem
og signar
barnet med kraft
til ein ny
og minnerik dag.
EPLETREET
Treet veks
mot si mogning
og gjev
oss sin fagraste blom.
Gud signe
kvart tre med frukt.
Med kraft
vert tuntreet stort.
Vi ser i
det med lauv ein morgon.
Når
hausten kjem, fyk lauvet bort,
Og frøet
ligg att i molda.
Slik er
livet på jord.
Og kjærleik
er livets nektar.
Vi gir av vår
glans så lenge vi lever.
Og så
lenge epletreet blømer
Gir det oss frukt til rette tid.
FUGL
Da fuglen
letta, ville eple brase ned.
Det ropa,
og falt som stein.
Barnet tok
det i hendene
Og såg inn
i ein annan heim.
Fuglen tok
barnet på vengene sine
og trøysta
med kvitter og song.
Hjarta
tikka, og vinden svinga.
Og sola
kom med latter og eventyr
fra Afrika.
PÅ REIS
Bussen
går, trikken går, hjulet svirrar, born skrik,
men eg er
frå eit anna land.
Eg reiser
frå gamle tempel og tunge bygardar
til
fønvind og sol. Eg reiser med ryggsekk
mot
Himalaya, til foten av eit buddhakloster.
Eg reiser
med skapande ordflaum til London, Paris
Eg ser
menneskemylderet opp og ned,
busshaldeplassar,
butikkar, gatestein
i bankande
tempo. - Folk reiser som ein maskin.
Vi lever
med djupe lommebøker, tårer og smil.
Vi reiser
med livet i nevane.
TOLK
Vi
oversetter og tolkar vår eigen tekst.
Vi les i
folkesjela, og meislar vår skrift i fjell.
Vi reiser
frå slagmarka, frå sjukesenga.
Vi er
lydige mot kallet:
Vi skal bygge
bruer, vegar, tunellar.
Kvart
sekund tolkar vi bilete, ord, tanke og draum.
Vi lever i
ei uendeleg verd av nettverk.
Vi teiknar
bilete og vev meisterleg musikk.
Kvar
rørsle vert tolka, og vêrmeldinga er fast.
Vi er
heime i hagen, og ser og opplever framande strender.
Vi går for
gull.
Alle skal
vinne i undring og spegel for kvarandre.
Det er eit
mysterium.
Vi er
akkurat slik, ein leirklump i eltinga.
Vi tolkar
måne og stjerner.
Vi er eit
midtpunkt i universet, og heisar flagg.
Berre slik
og slik. Vi er terningar
i det
store spelet.
Vi elskar røtene,
og blomen som kjem.
Det er
framtida vår.
Alle må ha
overskot til å leike, spele, synge,
opne
hemmelege skrin.
Postkort
gjev oss glimt av skinande portar, natur.
Vi er søyler
som passar tid og rom.
Vi går i
straumen, og elskar å høyre hanen:
God
morgon, ky, ky!
HIROSHIMA
Nokon har
sagt at atom kan utløyse krig.
Små kuler
i mikroskopiske hus, talar sitt språk.
Det er
gjennom vatn ein kan måle venleik.
Men snart
er det ei farleg handelsvare.
Atombomba
vart sky av eld
og gav
innsyn til store lidingar.
Dei folka
som fann seg sjølv slik,
må Gud sjå
i nåde til - og løfte til stjerner.
Desse som
ikkje kjenner namnet,
Må få eit
møte med kjærleik og fred.
Hiroshima må
få nytt liv, og fjella må blomstre
Som Sions
hagar – og lyse av frukt og honning
i ei urolig verd – på kanten av stupet.
SYRIN
Bløme
syrin, bløme alle blomar.
La
fruktene kome til oss.
Eg vil
ikkje vite av kiv og nag. Bort med vald og gru.
Send heim
dei falske. La gamle sjå barn
med snublande steg.
Lær
menneskene å sjå, lytte. Gi dei antenner,
så dei kan
overleve - på smale og tunge vegar.
Liljer og
konvallar, klokkelyng og einer. Verda er vill.
Alt som
veks er urskogen i oss.
Blomane er
kjærleiken som skal gje verda fred.
Syrin,
rett opp din stamme, sjå ut over havet.
Alt er dis
og gru på høglys dag.
Ver som
eit tre, som ei søyle i verda,
knytt lysstråler saman, ver blomen min.
Hjelp dei
svake som ropar, og reis dei lamme,
la blinde
sjå. - Det er vår, og sommaren kjem snart.
La vegen
til mitt hus og ditt hus vere åpen
for kjærleiken - som bur i oss.
No comments:
Post a Comment