![]() |
Foto-ill. |
DETTE ER EI MINNEBOK ANNO 1982
ORD
Ord er
blomar i mi hand,
lys over
hav og land.
Ord er
stjerner, ei evig strand.
Vi er
dråpar i havet, frø, namn
som summar
og sviv, og sviv.
Vi er som
opne kanalar, liv
på ei øy i
havet.
Ord er som
manna.
Vi et det,
sukkar og ber til Gud.
Ord er
glitrande perler,
måleri av
gull, safir og juvelar.
Ord er pust
og hjarta for alt som er.
Ord er hav
og himmel på same tid.
DAGEN
Vi ber
dagen med oss,
og veit
ikkje kva tid det tek slutt.
Alt vi ber
med oss...
Det er
tunge bører, djupe tankar.
Så er det
slutt, så har vi ikkje noko att.
Vi er
nakne, nakne som ein skinande dag.
Vi er nye,
som Adam og Eva i Paradiset.
ISLAND
Da
jordskjelvet kom
var
venterommet fullt.
Englar
gjekk opp og ned,
og det var
midt på natta.
Ein vulkan
lyste og gav fred.
Lava
strøymde i vide fossar
nedetter
gatene, over hus.
Og kyrkja
vart skjult.
Ein vulkan
lyste ordet.
Og det var
fred på jorda,
frå dei ytste
øyar.
Folk var
stille.
Det var
ikkje ein lyd i byen.
På marka
beita sauer og fe.
Og soga
vart skriven ned.
Ein vulkan
lyste som ei søyle
og signa
landet med fred på jord.
UTSTILLING
Kvar mann
og kvinne er på utstilling.
Kvar dag
er ei utstilling
Eit barn
er vel det finaste ein ser,
i all si
uskuld og glans.
Det er
kunst å sjå det vakre i det vi ser:
Barnet ber
med seg ei ny tid.
DEN BESTE DAGEN
Den beste
dagen i livet,
er dagen
du aldri fekk.
Den beste
dagen skal koma,
og du vert
fødd på ny,
inn i ei
anna verd, inn i ei anna tid.
Og denne
dagen er evig.
Da skin
det lys over alt.
Vi lever i
Paradis,
Som englar
i Davids by.
KJÆRLEIK
Å finne
seg sjølv, er kjærleik.
Da treng
ein å vere aleine.
Gud signe
dei born, kvinner og menn,
som
etterlet seg eit minne.
Kjærleik
er å vere sann, og synge
med
hjarta, for folk og land,
om krossen
og stjerna.
FARLEGE HENDER
Nokon går
med farlege hender.
Det er
vonde minne
som gjer
at eg går til glaset og ser.
Vi skulle
våge å vere oss sjølve,
og vere
noko stort for andre,
så fjella
kunne lyse.
Vi skulle
reise ei støtte for dei falne,
for alle
som ofra sitt liv for freden.
Vi skulle
spørje, kvifor vere så redde?
Vi har jo
kjærleiken.
Men, her
er mange farlege hender.
Det er
ikkje vår forteneste.
Vi fekk
leve, og har spegelen.
Det er eit
underleg liv.
Vi strevar
kvar dag
For eit
betre resultat.
PÅSKE
Vårsol,
grøne spirande blad.
Ein
kylling, ei høne i bur.
Vår
kvardag, eit gråtande kvad.
Vi lever,
og Gud er god.
Israel er
i våre bøner.
Vi helsar,
syster og bror.
Grava er
tom. Han lever.
Ein song
frå Paradis.
Nå er
verda kjøpt fri.
Englane
syng i kor.
Og sauene
går på marka
som i
fordums tid.
Vi les Det
heilage ordet:
Blinde
ser, lamme går,
Og salige
er dei som trur.
VÅRHELSING
Her er eg,
og der er du.
Eit ord
over grind og gard.
Vi kjenner
kvarandre litt frå før.
Nå møtest
vi ved ei grav.
Kjærleik
får bløme som blomen,
og ordet
er levande, sterkt!
Vi såg
kvarandre som småbarn.
To
tindrande stjerner blenkte.
Nå står
dei ved grinda og helsar.
Ord er
berre kjensler, mystikk.
Dei
møttest ein gong i livet.
Nå er det
kjærleik, musikk.
VERS
Til
lesaren skriv eg gjerne
eit lite
vers.
Gløym
aldri kven du er,
og hugs:
livet er
ditt hovudverk.
Det er
godt å ha eit mål i sikte,
det er
godt å vere gjest
i den
heimen.
Du kan
kvile med eit ord
som gjer
deg sterk:
Ekte
geitost.
EIN DAG MED ORD
Slå eit
slag for ordet.
La ordet
få rom.
La ordet
verte ditt instrument.
Du kan
bruke det, nå,
Til høgtid
og fest.
Du kan
synge, og hjelpe deg sjølv
med ordet
som medisin.
Ordet har
kraft til å sprenge fjell.
Du kan få
ei heil verd i tale,
Berre du
har det rette ordet.
Ordet er
ditt instrument.
Sjå på
det, smak på det.
Ordet er ein
god venn.
BLOM
Den
finaste blomen i hagen min,
den må du
sjå.
Og fela
let som eit lite strå i vinden,
og du vert
glad.
Som fuglen
syng du, min blomekvast.
Du er det
fagraste hjarteblad.
Eg ser deg
titt på min morgonveg,
når sola
skin.
Du står og
vinkar og ropar: Her!
Du er ein
engel i hagen min.
VERE TIL
Vere til,
slik og slik.
Gjere som
alle andre, tenkje som alle andre,
gå i same
butikkane, det er greitt.
Det kostar
minst.
På denne
måten kan ein møte
kvarandre,
sjå inn i heimar og hus,
finne nye
venner.
På
samfunnet sine lover skal landet byggjast.
På lovene
skal mennesket finne sin veg i verda.
Vere til
på alvor,
finne seg
nokon, vere tru,
vere budd
på alt.
Og i denne
styrken veks ein
inn i
ukjend himmel.
Vi er
borgarar, vi lever
i takt med
naturen - eller i utakt.
Tida tikkar
oss i møte.
Vi er til,
og søkjer lukka i dette livet.
Tenkjer,
og ber tankane fram,
slik at
andre kan døma.
Og vi
vågar meir:
Vi syner
oss fram, og ønskjer at nokon må sjå.
Vi er så
flinke til alt.
Atomet
kjenner vi,
og månen
er skodeplass.
Mennesket
er som universet,
endelaust,
på reis.
Berre ei
dagsreis frå æva.
MUSIKK
Frå fjella
høyrer eg malmen brenne,
eg høyrer
sjela i folket jamre,
eg høyrer
helst når det lir mot natt
og vinden
blæs og skogen knakar.
Frå fjella
høyrer eg englefjes
som sit og
syng med si englerøyst.
Eg høyrer
ord som går att i meg,
som noko
nytt frå ei anna verd.
Eg går med
stokk i kveldinga
og ser i
skogen, i fjell og li.
Den
største hugnad eg nå kan ha,
det er å
gjere andre glad.
FORM
Mi form er
eit leirkar, ånd og ord,
vove inn i
tida, forma i første månaden.
Alt er skrive
i mitt leirstykke,
at vegen
er ein kjerresti.
Når vi
veit kven vi er, kan vi sjå fram
med faste
steg.
Den som høyrer
ekko i fjellet, veit vegen.
Eg er
mållaus mellom høge fjell,
og ser
skyer i horisonten.
Mi form er
mellom orda, mellom folk og land.
Det er
triveleg å vere til, og kjenne ordet
som ei
grenselaus kraft
for lekam
og sjel.
Likevel
låsar vi dørene.
Alle rom er
skattkammer i mitt hus.
Eg heiser
flagget når eg er på topp,
når
kanalane er opne.
Til sist
gøymer tida alle i sitt slør.
Eg trør
varsamt mellom dei andre.
Vår lekam
er ei størkna glo i molda,
men i det
nye rommet er vi eit ljos.
SKALLET
Skallet er
ubrukeleg.
Berre
kjernen har styrke.
Med armane
knuser vi skallet,
med øksa opnar
vi frøet.
Havet
fossar. Speglar ropar i oss.
Bilete av
uskrivne lovar og slit
reddar oss
for undergang -
og held
oss fast i trygge spor.
Det er best
å vere i ljos på vegen.
Det er
best å ha søsken på jord.
TIDA
Når tida
og du er inne,
er fridomen
fullkomen,
og lauvet
dalar i li.
Tida renn
i kvart menneske.
Og
fridomen kjem
når frukta
er mett av dagar.
No comments:
Post a Comment