Erling Holen-ill.

Thursday, 25 February 2016

KROSSEN OG STJERNA Poesi -1982 Del1 * Sigve Lauvaas


Foto-ill.


KROSSEN
OG

STJERNA
AV 

SIGVE  LAUVAAS 



DIKT I SAMLING

BOK XI

ANNO 1982




NOBEL FORLAG

ISBN 82-7187-028-9

:::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::

 DETTE ER EI MINNEBOK ANNO 1982

DENNE DAGEN


Eg ser dine tome hender.
Du er veg i stjerneklar natt.
Du er, og eg kjenner din varme.
Du er ljoset frå nord, min skatt.

Du kan gi av din kjærleik til alle.
Du er raus som ein evig gud.
Du kan sjå inn i natta, den kalde,
og gi av din strålefryd.

Åsen er vakker og dagen er din,
og fjella stig som eit slott.
Den vegen du går er ein eventyrsti.
Her møtest vi kvar ei nott.

Eg hugsar du kom inn i mitt hus.
Eg måla deg fast til eit lerret.
Nå eig eg deg visst? og sola skin.
Det er som det mest er kjærleik.

Eg ønskjer å sjå - og stige i land
på ei fjellrik og fargerik øy.
Ei ryfylkeøy er mitt inste kvad.
Der vil eg finne meg sjølv ein dag
i hus med ei ekte prinsesse.


MORGONØY


Levande morgon. Livet er her.
Øya er oss sjølve, eit fuglever.
Vi går med augo, med briller,
og siktar mot aust og vest.
Sola kjem inn frå sin himmel
og gjer livet ljost og lett.
Ei levande morgonøy i havet.
Menneskebarnet spør.
Vegen er bein og krokut.
Vi lever i ei anna verd.
Alt er eit mysterium.
Det er som vi går i draum.
Vi hadde ein gong eit andlet,
nå er det berre stråler,
stråler frå ei morgonøy.


NÅ SER EG


Nå ser eg denne vene bygd
som strekkjer seg milevis
mot ein signa kyst.
Nå ser eg dette kyrkjespir
og vegen til og frå.
Eg kjenner dei folk eg ser
i dette vene fedreland.
Eg ser og min fødestad
og fjellet eg gjekk som liten gut.

Nå ser eg dei bakkar små
og alle dei gamle hus.
Eg har ein løyndom der,
ein skatt under eit epletre.
Nå ser eg far og mor
og ei gild og fager strand.
Her laut eg reise ifrå,
snart lyt eg stige i land.

Eit vell av den fagraste bø
kan eg sjå, slik som før.
Eit augo har skoda det land
kor eg gjette småfe som gut.
Eg er lukkeleg over å sjå
slik ei brusande, gåverik verd.
Eg er guten i far si hand
som i alvor går første steg.
Og ordet fekk vere med over alt
på vegen i eventyret.

Eg er fødd til eit levande land.
Eg skal svare på spørsmål eg får,
og ro båten heim til slutt.
Eg skal sjå det mitt auga kan sjå,
eg skal vere ei hjelpande hand.
Eg skal synge for alle og deg,
som er fuglen på framand strand.
Og så skal eg stige i land
på ei øy, ei signa øy – i Ryfylke.


Å SJÅ UTOVER


Å sjå heile verda i glaset, sjå alt,
høyre klokka som tikkar og tikkar
og vite at vi er til,
at vi er her - og et vårt brød.

Andre og må smake vår kjærleik og varme.
Ei sol er ei sol, ei stjerne dett ned.
Eit barn er som Gud, og strekkjer sitt andlet mot verda.
Barnet ser med andakt utover. Kva skal det bli til?
Kva skal neste år fortelje? Det strøymer liv.
Og alle har nok med sitt. Radio og TV skal underhalde.
Vi sjølve er selde, vi er fuglen i bur.


SMÅ ORD


Usynlege trådar bind oss saman,
små bruer held oss i hop.
Små ord gjev oss signal, varme og styrke på jord.
Vi er berre frø som spirer, lys som brenn - berre ei stund.
Det gjeld å samle på minner, vere til kvart sekund.
Vi er antennekolossar, poetiske strenger, puls.
Vi dirrar i sola, vi dirrar på vår reise, vi er livspoesi.
Små ord, små grinder som opnar seg og stenger.
Vi er vindauge, små ljos, og gjev varme ifrå oss.
Vi er ei samling diamantar, vi er rop og smil og gråt.
Gud ser ned til alle. Vi er små ord, menneske i ein båt.
Vi kan ikkje gå ifrå kallet. Vi skal gje alt vi eig.
Nakne kom vi til verda, og nakne skal vi reise her ifrå.


HER OG NÅ


Det gjeld ditt liv, her og nå.
Gje aldri opp!
Krefter som vil rive ned, skal du trampe på.
Gje aldri opp!
Det gjeld oss alle, deg især:
Ver den du er. Ver tydeleg.
Gje aldri opp!


ØYDEGARD

 

Eg skal fortelje om dette, gamal og grå,
Om øydegarden eg slapp i frå.
Pesten hadde herja landet, og landet skalv.
Ingen våga å rope, alle var som stivna malm.

Kroppane fekk liggje, men dyra måtte få kome ut.
Lauvet låg som ei spire.
Det måtte vere slutt på alt. Dei ropa bøner til Gud.
Men ingen bøner vart høyrde? Ingen vart hjelpte ut.
Sjølv gjekk eg milevis inn i fjellet, seier Den gamle.
Graset var grønt der sola var blid,
men snøen var hard på same tid.
Eg møtte eit landskap så fritt og så reint.
Eg fanga fugl i snare. Så fekk eg sjå eit fotefar.

Det var mine eigne fotefar. Eg måtte øve meg å snakke.
Øydegarden var tom. Eg snakka med meg sjølv.
Eg møtte dyr som skalv og skreik. Og ei kvinne kom fram.
Kva skulle eg gjere? Var pesten forbi?
Eit eventyr, eit eventyr. Og vi måtte skure og skure.
Alt måtte vere reint, alt måtte reinskast ut.
Ei ny slekt skulle stige fram, nye bygningar og nye kyr.
Ei ny verd skulle finne si form. Nye stjerner skulle stire
inn i nye rom, inn i ei ny tid.


DEN FRAMANDE


Den framande ser gjennom eit nettverk av trådar
og grip fatt i pulsen,
og rådvill går han ut i natta.
Vi kjem med hjelp, vi kjem med nokre klede,
vi kjem med dagtoget
og går inn i byen, inn i larmen,
og grip fatt i pulsen.
Vi er jo alle framande, vi dirrar gjennom dagen,
og natta er vår bror.


SPØRJE SEG FRAM


Det er snø i gatene, snø over hustaka.
Skogen er kledd av snø,
og snøen kjem uavlateleg.

Alle folk snakkar om snø.
Dei er inne, dei tenkjer, dei sit
med radioen eller avisa -
hendene er knepte saman.
Dei syng der inne ein stad,
medan fingrane frys i gatene.
Dei syng om Det nye Jerusalem.

Kjærleiken kjem ikkje aleine,
ein går ikkje utan ljos.
Og frakken vert tung i snøen,
men kjærleiken er varm.
Eit ord om ein kjenning,
ein ven som opnar ei dør.
Då er ein vaken og open som ei bok.
Men dette var ikkje den siste snøen,
og dei syng uavlateleg i lyset av lysestaken
om ei ny tid og ein ny vår.


DET FELL EI BOMBE


Og vi som var så snille, vi
vart fødde inn i denne verda
med eit skrik.

Det går eit lyn, ei sky, ein storm
gjennom landskapet, gjennom
vår tid, alle, alt.
Grensene opnar seg, gitteret
opnar seg, opnar seg.
Eit møte med valdsmennene
gjennom våre augo, gjennom alt.
Vi ser natta som lyser i glas
og flammehavet som renn imot oss.
Vi er fråstolne vår barndom,
vi er aleine med virvelvinden
som dreg oss mot Ararat.


EIN BROR I AMERIKA


Fuglen spenner sine venger over Amerika.
Med små, skarpe lys, kom flyet.
Med små augo vart fuglen oppdaga,
og dei kvite mennene kom til rullebanen.

Usynleg er fuglen i alle menneske
på veg til ein stad, på veg med ord og venger.
Dei reinvaskar seg i Nevada-ørken.


EI STILLE STUND


Du sit aleine, sit med hendene ned.
Ingenting plagar deg, du slappar av, sit berre
og kjenner at alt er godt, kjenner at alle er gode,
at verda strøymer imot deg som ein god vind.

Du er aleine, sit med deg sjølv under himmelen.
Tida plagar deg ikkje, ingenting hastar,
du føler at naturen er heilagdomen din,
 eit tempel, eit tempel - som du sjølv.

Ord vert ikkje sagde. Stilla strøymer inn.
Så kjem sus frå havet og vekker oss,
men du møter alt som roper med glede.
Du er den einaste som tar imot løyndommar.
Du sveipar usynlege stråler i rommet, og lyser fred.


ORD FRÅ EIN VERKSTAD


Slipte ord kom ut i bokform,
høvla ord kom ut, og uhøvla,
men dei polerte orda kom aldri ut,
dei måtte vere heime.

Impregnerte ord stod på rekke og rad
og freste mot stormen, men ingenting sa
Eg er den stygge ormen
som ikkje vil ha ord på meg.
Eg vil ikkje bli eten opp.
  
Slipte ord kom ut i hefteform,
og vinden reiv og sleit i dei.
Men dei slipte orda fann mange vener,
og dei høvla og uhøvla orda fekk vere i fred
til samlarane samla seg.
Så vart dei selde på auksjon til høge prisar.


EIT MØTE


 Høgt heng møtet,
høgt heng stjerner,
høgt heng du.

Her kjem eg med mitt handverk,
eller åndsverk – frå skrivebordskuffa.
Og himmelen gir fred.

Men, kvifor skjelv jorda?
Kvifor gneistrar vulkanane?
Kvifor smeltar isbreane?
Kvifor brenn byar?
Kvifor er det krig i verda?

Når vi gjev kvarandre hendene
og skriv under fredstraktaten,
da skulle det verte fred.
Men soga har vist
at då startar nye krigar.

Vi treng eit møte - andlet til andlet
for å  kjenne kvarandre på kroppen.
Vi må kjenne pulsen,
høyre rop om hjelp, rop om kjærleik.
  

KJÆRE


Kjære, la meg vere.
Eg er ikkje den du trur.
Eg er ikkje liv og lære.
Eg er ikkje fjell og mur.
Eg skal vake, ikkje sove,
vere den eg er – for deg,
min Gud.

Kjære, lys i rommet.
Eg vil sjå din kjærleik nå.
La meg kvile trygt i ordet,
vere gneisten i ditt bål.


 

No comments:

Post a Comment