![]() |
O.Garborg-ill. |
DETTE ER EI MINNEBOK ANNO 1982
BROR
Rekk ut
handa, bror.
Vi går i
tåkehavet.
Syng under
mjuke skyer.
Byen under
fjellet vaknar.
Teikna
huset ditt i dag.
Ver vaken,
på vakt.
Kvar har
fått sin veg å gå.
I
moltemyra er alle vener.
I
Myrberget er moltene mogne seint.
Far likar
best Myrbergmolter.
Å gå i
naturen gir nye krefter.
Det er ei
gåve å finne seg sjølv på stien
i
blåbærskogen.
Gå ut i
dag. Sjå alle blomane, og fuglane.
Og i liene
beitar sauer med lam.
Det er
gull kring månen.
I morgon
skin sola klart.
Nokon går
inn i skogen
For å
finne seg sjølv. Dei vil meditere.
Tankar
treng kvile.
Menneske
spør etter fred i høgfjellet.
Lufta er rein,
og kreftene byd seg fram
Som eit
forelska par.
Snøen
smeltar i høgfjellet,
og ein kan
gå til Stølen.
Her er det
ro og fred, bror.
Berre ein
kunne finne harmoni og fred,
Da var ein
rik.
Da kunne
ein sjå himmelen med nye augo,
vere til
for ein bror.
Det er eit
lykkeleg val å gjere det gode.
Da vert
ein så glad i huset,
At underet
i vinduskarmen syng.
Det er
meir enn ord - å sjå naturen
Ein tidleg
vårdag.
HAUST
Du haust som kjem
og dirrar, i kropp, i sjel og sinn,
ver tru mot
heimsens vindar, og gjev oss lauv i li.
Storm over jord
og hav, bitt verda med din pust,
spel opp den
siste ferda, så eg kan kvila trygt.
STJERNER
Kvar har
ei stjerne på vegen sin.
Du er ein
veg som ikkje er min.
Kvar har
ei stjerne på puta si,
ein engel som
vaktar foten din.
Når hjarta
slår, lyser stjerner ned.
Når hjarta
stoggar, får hjarta fred.
Men
stjerner ropar til jorda, barn!
Pass dykk for
snublesteinar og garn.
Stjerner
vil, som Gud i di hand,
følgje på
vegen, kort eller langt.
Du er ei
stjerne, eit levande lys.
Eg elskar
deg høgt, som eit fedreland.
LANDET
Under
stjernehavet er landet,
Ditt land
på godt og vondt.
Her tel vi
våre dagar.
Vi går
kvar våre vegar, siglar kvar vår sjø.
I dette
landet, med spente segl,
skal vi
møtast til arbeid og bøn.
Måtte alle
høyre kornaks i vinden,
finne håp
i livet, møte ordet
som stjerner,
sjå blomen, tre og fjell,
høyre
bekken sikle i lund og li.
Det er eit
under er du er til.
Namnet
ditt er Tusenfryd.
Gleda
lyfter havet, songen stig til Gud.
Under
stjernehavet er du kjærleiken.
Evig
trufast, eit under – den gode vin.
TEMPEL
Kven får
templet til å rivne,
og kven
bygg det opp att?
Tenkjande
menneske gjev slaven fri.
Bygg ditt
eige tempel, slik at sola kjem inn.
Kvart
mennesketempel er ein skog
som
sollyset vitjar.
Det byd si
tikkande klokke.
Som blomen
er menneskebarnet i solauga,
ein
høgsong for Gud.
FUGLANE
Fuglane
mine fyk høgt over skogen, over mennesket.
Ein
speidande fugl slår vengene inn og slepp ned eit frø.
Fuglar kan
synge i kor, og aleine. Fuglar sirklar
himmelbogen
og kimar med nebbet, kurlar og blæs klokketonar, fløytetonar, drypetonar.
Fuglar
peikar mot himmelen, dalar og reiser seg att.
Stjernene
møter fuglespelet og barnet vaknar.
Kor er
vegen, kor er fuglane si verd?
Med kjære
ord bind ein månesigden, og siglar på havet,
og fuglane
vert liljer i vatnet, små ringar som rullar
og slepp
taket, der skogen er svart og vegen mørk.
Kom!
Fuglane mine. Syng sol or lyng og mark.
La barnet
sjå dagen lyse i fuglesong, i eventyr.
Det er
knoppar i vårlufta som reiser havet
og fyller
hjarta med søt musikk.
Det bur
ein fugl i alle, berre ein kunne sjå han.
Tydeleg
som eit stempel, som draum i
sommarnatta,
leikar
fuglen i hagen til alle menneske,
opnar
grinder og stig inn som eit lys.
DRAUM
Til mine
draumar går stigar, dører
til ukjende
rom, til landskap, ei ny verd.
Her er eg
saman med orda, med vener
som bygg
hus og klistrar frimerker,
og kjem
nærare, trøystar og grip tankane.
Eg ser det
eg skriv, eg skriv det eg ser:
Ein draum
med ungjenter på vegen, eit tre
som opnar
greiner, og lukkar seg som blomen.
Her er
hjarter som vil helse,
som vil inn i huset, i romet,
ungjenter som har sett
nattehimmelen og smakt frost.
Her er eg,
og kviskrar inn i gangane, -
og
måneskinet sendar sine stråler til oss.
Greinene
ropar. Med lys ropar alle trea i skogen.
Det er
dansande bryst, hoppande legger, smygande venger.
Berre ein terskel frå havet.
Her, i ei
myldrande verd, i draumen, ropar barnet.
Hender
møter hender, munnar opnar seg
og slepp
ord inn i virvlande storm.
Du møter
nokon du er glad i, kjenner kjærleik
Og ser
fuglen lettar og syng, speidar etter byggeplass,
etter nye
landskap med klokkelyng.
Å JOBBE
Å jobbe
med ord, gjev ikkje god valuta.
Det er
ikkje pengar i å skrive.
Ein kan
tene på bilete, men ikkje på ord.
Likevel
skal diktaren trø fram det beste,
pusse
kjærleiksgrinda, finne ord,
og hjelpe dei fram i dagen.
Jobbe som
ein vind, kause over fjellet som vatn,
gje
sanninga styrke, og lyset inn i ei ny verd.
Puste i
bileta som jagar og er heimlause,
sanke ord
som rekved og bygge bruer.
Skape i
det skapte, måle i truskap
til ordet
som løyser seg og vert gjærdeig og eld.
Her er eit
menneske – med augo som ser,
og med kjensler
i ein aura av ånd
som lokkar fargar og mystikk fram or molda.
Fjellet
talar og havet skummar mot land.
Det er
kyrkjetid på jord.
Kameratar
pustar mot ei kald sol.
Vi har
gått for langt. Vi må snu.
Vi lyt
alle ha eit stempel for vår tru,
ei
minneplate for gjerningane våre.
Jobben er
å skrive namnet kvar dag,
skrive til
det siste klokkeslag:
at vi er
ord skapt av ord.
ROP
Treet
ropar, jorda opnar seg og vatnet svell fram.
Ordlause
står vi og ser underet, spørjande.
Vi har eit
sekund til å sjå, det er alt for denne gong.
Treet
ropar til alle:
Ordlause
munnar, tal!
VEGEN
Står ved
ein veg. Det er haust og kaldt.
Vegar har
mange liv.
Eg kjenner
det dryp av bladgrønt lauv.
I morgon
er bøen kvit.
Eg har
denne vegen, ein klatresti -
opp frå ei
endelaus myr.
Eg vil sjå
denne stjerna som alltid skin
over vegen
og bygda her.
Aleine eg
går, aleine på vegen heim.
Så langt
har eg gått, så langt eit liv,
men mykje
eg ikkje har sett.
Vaken eg
går mellom kjerr og lyng,
inn i ei
ukjend verd.
La meg få
halde i handa di
og kjenne
kor godt det er.
BUFAST
Under
krossen og stjerna bur vi,
helsar den
minste knopp.
Vi er dei
nyutsette, som skal vokse opp.
Vi skal slå
røter og gje av vårt inste,
vår
kjærleik og tru.
Vår
bløming er ånd og sanning, rytme og rim,
ein
avgløymd halling, felemusikk.
Frukt av
det beste i oss, skal få rom.
Signe den
stunda du vart avla, Jerusalem.
Sjå
markene grønkast, det er dag på ny.
Nå kan vi
så og hauste, vere i livet som søsken.
Bufaste i
vårt yrke, med kjærleik til sol og vind,
Møter vi
regnet som siler, og svingar i byen din.
Som nokon
vil rope høgt:
Vi lever i
ei merkeleg verd!
Vi lever
for ingenting?!
DIKT
Strie
dagar i fjellet, travle tider på Bu.
Hendene
fulle av riper etter eit klungerslør.
Den dagen
du vart borte, da du sa opp for meg,
falda eg
hendene mine, og takka deg.
Mykje
sollys og varme har stråla mellom vår gang.
Nå er skuggane
mange, som lauv i skuggeland.
Du kan sjå
meg ein morgon. Ein hest er på veg.
Du kjem
som frå draumeriket, og omfamnar meg.
Duskregnet
legg seg på panna, og syrinane står i knopp.
Det beste
med heile verda er livet med deg.
Kjærleiken
din er lys på min veg.
Eg ser i
augene dine, du er ein fager ring.
Her kan eg stå og skoda, horisontar i hopetal.
Folk frå
alle nasjonar skal møtast ein dag.
Dei går
kvar sine vegar, er stødige i sin gang.
I livet, med
song på vegen hyllar dei frelsaren.
Her i verda
høyrer vi strengemusikk.
Kjærleiken
set spor på vegen, i tusen fotefar.
Namnet
skal vere vårt pass, steg for steg.
Med frimod
skal vi finne vår eigen veg.
Og høgt på
fjellet skal namnet skrivast.
Vi seglar med
stø kurs mot det heilage landet.
Krossen og
stjerna er kyrkje på jord,
eit fyrtårn på vegen vi går.
.
Å eige
denne trua,
gjer livet
til eit ankar, ein fredens metropol.
Her beitar
bjøllekua, her møtest vi ein dag.
Vi sender
kvar vår tanke til folk av mange slag,
At vi ein
gong må finne den freden som er rein,
og eige lys
i hjarta - på vegen heim.
Så møter
vi kvarandre i heilag harmoni,
til song
og jubel, glede - for vi er slepte fri.
DIKT TIL JUL
Såre dagar
må finne fred, verte til glede og gagn.
Einkvan er
ute og ventar, reiser seg etter eit fall.
Sjå i den
mørke timen at ingen frys.
Vakne for
Israel, rop etter fred.
Alt som
ligg ferdig i dagen – må du gjere noko med.
Sjå til
dei svake i slekta, gjev dei svar på bøn.
Ingen kan
telje dagar, men Gud gjev løn.
Aleine i
byen, på fjellet, aleine til jul.
Englane
syng i di stove i natt,
Som i Betlehem.
Sjå til
dine søsken i alle land.
Hjelp døve
og blinde.
Ditt namn
er eit lys, ein himmelskatt.
BARN
Menneskebarn
bygg høge hus,
bygg til
katastrofen kjem.
Jordskorpa
undrar seg, og papiret rullar saman.
Grus vert
til veg, draumar til ord.
Bilete på
bilete lettar. Lufta er varm.
Her er så
mange høge hus. Eg vert kvalm.
Skulle
heller vore fjell og tre og mark,
ein
åkerlapp for korn og bær og frukt.
Barn gret,
og det er stjerneklart, og jorda frys.
Aldri skal
eg sjå deg slik, for du er venen min.
Eg døyper
deg, April.
Og augo
dine helsar meg.
Eg seier
takk, takk mitt barn.
No comments:
Post a Comment