![]() |
Foto-ill. |
DETTE ER EI MINNEBOK ANNO 1982
VINTER
Nå lever
eg, nå vil eg gi
alt eg
har.
Misjon,
misjon: høyr!
Nå vil eg
gi til alle folkeslag
mi siste
løn.
Eg skriv
mitt testamente i dag.
Eg er ei
fattig sjel, men eg vil gi alt
til ein ny
vår.
I kveld
vil eg gå til eit møte
og
kunngjere mitt legat.
Eg vil gi
meg sjølv til kjenne.
Denne
vinteren er vendepunktet,
og sola
snur.
Alt eg eig
har eg på lån.
Eg vil gi
til dei som sjølve vil gi,
og til dei
som ingenting har.
Eg vil gi
brød for sjel og lekam
Dei borna
som er skremde ut i øydemarka,
skulle
englane møte med kjærleik, nåde og fred.
Dei som
gjer vold, skulle høyre frå dødsriket: eit skrik!
heilt til
dei vakna og ba om tilgjeving.
INN I MØRKE NATTA
Kva er
fargane, anna enn skuggar av ljos?
Kva er
ljoset, anna enn framtid og von?
Inn i
mørke natta skal ljoset skine.
Her er du,
eit frø, på veg til skogen og fjellet,
på veg til
eit land som ingen kjenner.
Du går inn
gjennom stengslene, inn i mørke natta.
Med eit
hav av energi, av sol og varme, kjem du
og
grunnlegg ei plattform. Du skal bore tunnelar
og bygge
bruer over til andre sida.
FUGLAR
Svarte
fuglar i vengeslag
over eit
torvgrodd tak.
Svarte
fuglar på ville hei
reiser i
landet ein rygg.
Svarte
fuglar er folk
som ikkje
kjenner si sjel.
Svarte
fuglar er kvar og ein
som lever
under ein træl.
Svarte
fuglar over ditt hus
sender
skuggar med blod.
Svarte
fuglar er arvedel
vi lyt
løyse med ord, med fred.
FRED OG LJOS
Det kjem
inn gjennom opne vindauge,
gjennom
dørsprekken.
Ljoset
festar seg i stein og mold.
Eit sekund
er ljoset borte, bak ei sky.
Så fer det
over stovegolvet, og ut att.
Ljoset
trengjer inn over alt, i heile verda.
Det kjem
med stilla,
og gjev varme
til alle menneske.
Vi skal
ikkje sove i dette ljoset,
men vere
vakne og gjere vårt arbeid.
Natta har
nok med seg.
Ljoset er
vår spegel.
Vi treng ljos
for å finne vår veg.
DEI SKRIV
I
vinterkveldar, i haustkveldar
sit mange,
både unge og gamle, og skriv.
Dei skriv
ned alle tankane, bileta.
Mange
skriv heile livet, skriv kvar dag
for å
verte fri gikta, for å kjenne at dei lever.
Dei skriv
ned sin bodskap til slekta.
Dei bur i
eit merkeleg hus
med
rullegardin og heis. Dei skriv
for å
halde seg vakne, for å ha nokon å tale med.
Heile
verda er jo så vanskeleg. Så er det godt
å setje
namn på alt, setje namn på seg sjølv.
Og mange går i
djupna, mange skriv -
som frå ei anna verd.
Desse
isfjella, med øyposten i havet,
kjem
nærare kvar dag. Og snart kalvar dei,
snart stig
sola opp, og målar landskapet med gull.
Kven er du
som skriv? Kven er du som kjem
med ord
inn i mitt landskap?
Har vi møtt
kvarandre før? Eig vi noko saman,
har vi eit
rom for ein framand tanke,
ein bror,
ei syster, ein hage med blomar?
Kan vi
underteikne orda vi slepp ut or munnen?
Kvart
bilete vi gir til verda er eit stempel.
La oss sjå
inn i oss sjølve, og lyse i orda.
Det er
vårt testamente, det er signaturen vi skriv.
VATN OG MJØLK
Har du
nokon gong kokt vatn?
Å koka
vatn er som å mjølka ei ku.
Du dreg ut
all safta,
så er det
berre mjølet att.
Vatn er
eit levande ord. Vatn
tek vi til
munnen med andakt.
Slik er
det med mjølka og.
Barnet kan
ikkje leva utan vatn og mjølk.
Vi er visst alle born?
VIL DU KJØPE
BARNET MITT?
Familien
bur i ein landsby i Zaire.
Mora var
40 år. Ho hadde tre barn. Alle var døde.
Så fekk ho
ein gut og ei jente til.
Jenta
sprang bortover vegen den eine dagen.
Neste dag
var jenta ramma av poliomyelitt.
Kvifor
fekk ho denne sjukdommen?
Etter heidensk
tru var dette ein straffedom.
Mange
foreldre trur at annakvart barn skal døy.
Og jenta vart
lagd inn i ei hytte.
Alle venta
at slutten skulle kome,
så kunne
familien vere fri.
Men ein
misjonær tok hand om jenta.
Ho kom seg
på føtene.
Misjonæren
ba henne frisk.
Snart var
jenta ti år, og måtte ta seg av to mindre brør.
Sjølv med
ho haltar, smiler ho
Og leier
brørne til misjonsstasjonen.
Her får
dei mat.
Alle barn som
kjem til misjonsstasjonen får høyre
Om den
store lækjaren, Jesus.
På
misjonsstasjonen lærer dei å sy klede.
Nå sit jenta
med strikkepinnar
og lagar
klede til brørne.
Utsiktene
er ikkje lyse.
Å vere
handikappa i Zaire, er ei straff.
Men jenta
kan sprenge murane, og lage ei ny verd.
Du og kan
hjelpe til
Så livet får
eit nytt innhald.
VEDKJENNING
Opp or
støvet, fram i dagen.
Kjære Gud,
sjå til meg nå.
La meg
vere ein av dine.
Syn meg
vegen eg skal gå.
Regnet
piskar, vinden ular.
Du er same
Frelsaren.
Eg er fri
i dine fotspor.
Vis meg
vegen heim i dag.
Kven skal
rope til dei andre?
La oss synge
høgt i kor
namnet til
vår Gud og Frelsar.
Då vert
støvet vekt på jord.
GULLKALVEN
Dei dansar
kring gullkalven i dag.
Alle er
glade i pengar?
Det er ein
del av livet - å ha nok av alt.
Men mange
menneske svelt.
Likevel
dansar mange kring gullkalven.
Dei har hus,
bilar og ei tjukk bankbok.
Mange trur
dei kan forsikre livet.
Dei går
til kvarandre med pelskåper.
Dei har
ein jobb, eit bilete.
Ingen skal
fortelje om gullkalven til dei.
Den vert
gnikka og pussa på kvar dag.
Vår
målestokk set oss i bås.
Vi er
sjølve ein gullkalv, og vi vil vere det.
Vi er det
første og siste. Vår makt er pengar.
Vi kan
ikkje leve utan mjuke pledd
som døyver
uroa for morgondagen.
EG KJEM
Eg kjem
frå den store skogen
med spor
og røter.
Eg kjem
frå dei tagale strender
med ord på
mange språk.
Eg kjem
frå einsemda
med blod
på hendene.
Eg kjem
frå stormen,
med rop om
hjelp for livet.
Eg kjem
frå havet, frå fjellet,
eg kjem
som ein fugl i kor.
Eg kjem
frå Jæren, frå far og mor.
Eg kjem
frå det vide, det breie, det blå.
Eg kjem
med noko å tenkje på:
vin og
brød, krossen og ljoset.
TIDA
Tida kom,
og vart lagd i jord.
Tida er
vår bror.
Tida er
trøyst og glede.
Tida gjev
kvile og ro.
Tida er
kvardag og fest,
eit
levande ord.
Tida eig
vi saman, som far og mor.
Tida er
førstegrøda av alt som er skapt.
Tida er å
puste liv av liv.
Det gjev
teikn på vegen.
Det er vår
puls, vårt dyre ord.
Tida er kjærleiken
i arbeid og fest.
Tida er eg
og du.
DRAUMEN MIN
Aldri skal
eg gløyme deg,
draumen
min.
Eg ber
ditt bilete i hjarta mitt.
Du er
ljoset og varmen i verda.
Eg ville
gjerne møte deg.
Eg ser
deg, du er draumen min.
Du skulle
gjerne vore her.
Eg var ein
prins for deg.
Du var
verda, den fagraste blom, for meg.
Eg ville
famne deg, og løfte deg i draumen.
Kvar dag
som går, ser eg ditt lys.
Din
kjærleik er som ein krans.
Du er
draumen, eit dikt, eit ord,
ein båt
som kom ein dag.
Du er ei
bru, det største Gud har skapt.
Du er ekko.
Og eg er eit svar.
Eg vil
gjerne møte deg i morgonglans
Så lenge
jorda sviv.
BOKA ER SOM EIN
SPEGEL
Vi eig
ikkje ordet, ordet har vi på lån.
Vi held
det i hendene våre, som eit bilete,
og veg det
i ljos og varme.
Ei bok er
som eit lån. Ein spegel i handa,
Ord voven
saman med andre ord.
Ord er
heilage bilete, noko stort.
Vi møter
det i kvart menneske, i kropp og sjel.
Alle er skuldige
å døy, for ordet dømer oss.
Men ordet
reinsar den skuldige, så vi kan leve i fred.
Vi vert
oppreist i ordet.
Den som er
i ordet, lyser i ein spegel.
Slik er
vi, kvar for oss,
Eit bilete
av Gud.
Å SKRIVE DIKT
Det er
fint å skrive dikt i Oslo.
Alle fine
diktarar bur i Oslo.
Det er
best å vere diktar i Oslo.
I Oslo er
mange fine folk.
I Oslo er
trikk.
I Oslo
kjem ein seg fram.
Kva skal
ein med fine dikt på Vestlandet?
Her har
dei fjordar og øyar og fjell.
Vestlandet
er ei lyrisk kyststripe,
berre ein
fekk augo på henne.
Då kunne
ein skrive dikt.
Å skrive
dikt er å stå i spegelen, i vindauga,
og sjå
rynkene i andletet,
møte seg
sjølv.
ROM
Stundom
når eg sit i djupe tankar,
er eg aleine
med opne vindauge.
Eg ser
landskapet - som ein spegel
i eit
uendelig rom.
Romet
opnar seg,
det
stengjer natta ute.
Eit rom,
eit menneske. Menge rom.
Det kunne
vore deg i ein stor by.
Ei rose
sprett i spora våre.
Eg ser eit
namn, og ein stein lyser.
Eg sit i
romet og les med open munn.
Kanskje vi
er byggesteinar, du og eg.
No comments:
Post a Comment