Erling Holen-ill.

Friday, 26 February 2016

KROSSEN OG STJERNA Poesi – 1982 Del7 *Sigve Lauvaas


O.Garborg-ill.

DETTE ER EI MINNEBOK ANNO 1982




BREVET

At vi skulle vere Herrens brev, er ufatteleg.
Vi som er så utydelege,
skulle gjennom Kristus bli tydelege.
Vi skulle vere huset på fjell,
levande steinar i verda.
Eit brev, skriven med sirleg hand, er du
som går kjærleiksvegen til Gud.

For så høgt har han elska deg,
at han gav sin son til dei fortapte.

Vi er sendebod, eit brev i verda.
Vi er lyset frå slekt til slekt.
Ein stemme i tida.


LYSET

Lyset finn veg i mørkret.
I desember, med kvervlande snø.
Eg tenkjer at lyset lyser
Og skaper liv.

Lyset er kjærleik frå Gud.
Han angar trøyst og varme,
Og famner kvart menneske med nåde.

Han er lyset for menneska,
Visdommen, sanninga.
Han er lyset som lyser i mørket,
i stallen i Betlehem.
Han er ei stjerne for heile verda.
Han er fødd, og er stått opp.
Og han lever for at vi skal få leve
Og lyse i mørket.


LANDSKAP

Ein solskinsflekk i landskapet vaknar til liv.
Med små surr høyrer eg våren.
Den kjem med ei gåve av gull.

Som hjarta ber mennesket,
Opnar sola dører for livet på jorda.
Med heilag glød skal landskapet lyse.
Og frø skal spire til si tid.

Eit nytt landskap opnar nye dører.
Sjå berre etter når det dirrar i graset.
Av det skapte skapar Gud, utan grenser.
Han opnar augo til den blinde.
Kvart menneske er eit landskap for Gud.


VINDEN

For kvar mann skal havet skumma mot land,
skogen skal suse, og snø og is skal stenge kvar fjord.
Menneskebarnet er lauvet som spør.
Kven kjenner seg sjølv, kven kjenner sin veg?

Som graset på marka, som blomen på strå,
opnar vi oss - og spreier vårt frø.
Vinden rir bølgjehav, og ror oss i land.
Vi er dei siste som spør. Kven elskar si grav?

STEINEN

Mennesket finn kvile i steinen,
steinen som reiste verda,
verda som vart til av ein stein.
Steinen vart velta frå grava,
Og grava var tom.

Ein stein kan vere ein mur, eit gjerde.
Steinen opna grava, og sette folk i frihet.
Steinen var eit skjold, ein tanke, ein rygg og ei evig natt.
Så vart det morgon, og steinen var ei open dør.
Kan vi vere slik ein stein? Da er vi ein evig skatt.


VED STRAUMEN

Vi lever ved straumen, alle.
Vi set spor, legg frø.
I vår draum vaknar våren,
og livet vert til paradis.

Her er vegar for alle.
Kornband for ramn, og snare for gaupe og rev.
Eg er turist ved straumen. Eg går ved ei elv og gret.
Eit dikt kan ikkje redde nokon,
Men ordet kan gi liv for lekam og sjel.
Alt ligg til rette for eit godt liv
For den som lever i ordet.


ØNSKJE - TANKAR


At alle signal vert fanga inn og tekne godt vare på.
I ei signalverd må vi likevel vere originale.
Eg kjenner meg heime med Beethoven og Bach og fleire,
men kan ikkje spele, er hjelpelaus i eit orkester.
Skulle ønskje eg kunne måle ei stjerne, 
at eg hadde venger så eg kunne fly til klosterhagen din.


INST INNE

Å ha den heilage glød, er meir enn ord.
Å lyse, vere til for ei anna verd,
Gir kjærleik til jord.

Inst i hjarta høyrer eg nokon spør:
Kven bur i mitt hus?
Ein dag vil eg stige i land, og vere ein flaum
Av varme og lys.
Da er alle dører opne, og eg er der!

Inst i hjarta spør ein flamme,
og elden opnar dører til ei ny verd:
Her ropar ekko frå fjellet:
Ditt barn er i nød.

Tankar held oss vakne til morgonen kjem,
og sola stig over landet. 


NY TID

Ny tid for alt levande,
for fjell og vind, isbrear og hav.
Kvar celle i kroppen er ny.
Lyset ropar i oss, i alt, lyset ropar
Alle til fest.

Nye vindauge i huset,
nye glas i brillene,
augo som ser lenger.
Nye rom i alle hus, nye vegar, vegar til nye hus.
Her skulle ein gå og møte nokon, møte seg sjølv,
høyre fuglane frå andre sida, sjå bølgjene på havet,
båtane som kom frå ei anna verd.

Vi skulle stå på hamna å ta imot trossa.
Det er godt å vere til nettopp her,
i denne tida med usynlege trådar
som bind jorda saman.
Vi er bindevev, lekam og sjel.

Kvart menneske er ei verd.
Ei ny verd - der ukjende planetar møter oss.
Vi er augo som ser:
Lyset held oss vakne og helsar med fargar
og ein ny vår.


EIT SKIP

Det kunne vore meg som sigla havet nå.
Eit skip går med si last på bølgjedjupet.
Kvar skal det av? Det stig ei hand
av lys og kvitt metall, det brenn
frå himmelbryn.
Eit skip er berre som eit spel,
som fugl på flukt.
Kven ropar etter kvite segl, når sol går ned?


ØNSKJE

Alle har eit ønskje om å vere fri, setje garn, gå i snø.
Alle ønskjer ein paraply når regnet kjem.
Ønskjekvisten er ein draum i alle barn:
Å gjere kva ein vil, er eit privilegium.
Alle ønskjer stort og smått.
Det er hildring over oss.

Vår jord er grøn, og sola er ein gyllen ring.
Kvar dag ønskjer vi å sjå bortanfor alt.
Vi ønskjer fisk og frukt og bær, blåe vidder, fagre fjell,
og gull, så vi kan kjøpe det vi ser, som tanken trur.
Det er så godt å vere til i dag.

Vi skiftar bør, skiftar stol og sti.
Vi kunne aldri tenkje at dette er snart forbi.
Vi ønskjer fred. Vi ber om lækjedom og mat,
og frelse for dei arme, små
Tida er knapp. Vi veit vulkanen kjem snart,
Og verda brenn opp.
Vi ønskjer at kjærleiken er stor blant oss,
så krig og svolt går forbi vår dør.
Vi ønskjer vegar i kvar bygd og by
som fører fram til Jerusalem.
Her syng englane dag og natt,
for kongen kommer snart.
  

VERE TIL 

Vere til i denne verda,

under stjernekross og spyd.
Vere til for å få læra
vegen til eit betre liv,
utan krig og hat.

Vere til under krossen og stjerna,
vere båt i open sjø.
Vere ei lysing i mørkret
for dei som søkjer ei hamn.
Vere til for dei andre
 Som elskar ditt namn. 

 PINSE

Ånden spør, som blomar i gras:
Kven er du, og kvar skal du av?
Vi kjenner lyngen som vinden rir.
Stort er det himmelske lys.

Det er lykke og fred i mitt hus.
Det kransar kring haug og tindar.
Ånden pustar liv i mennesket.
Det er eit under at vi lever i dag.

ORD 

Ord er ein bylt med energi

som løyser seg ut og gjer sjela fri.
Ord er eit kloster med fargar og spel.
Ord gjev oss trøyst og helsar og ler.
Kroppen i ordet er som ei flod.
Ein veit ikkje kvar det ber av.
Vi møter kvarandre med ord og sjel
under eit stjernehav.
Ordet er lykkespir, katedral
På vegen til Sarons dal.

TEIKNE OG SKRIVE

 

Så langt og så lenge eit ord er eit ord

er mann og kvinne uløysande spor

i alt som er liv.

 

Dei teiknar og skriv og strevar med sitt

og tel på knutar – som var det ein vits.

Dei ropar og syng og dansar og ler:

Kor er bilete ingen ser?


Eit ord er ein veg, ei pil mot sitt mål.
Sjølv er du sigden som smir i stål.
Den som er evig skjønar det.

Den som er ordet, er lys og liv.
Ingen kan gi utan å få.
Best å leve som Moses i sivet,
høyre vinden, lytte og sjå! 

VÅG IKKJE ALT 

Våg ikkje alt. Sjå, du er svak.
Hjarta er smelta til jord. Orda er vorte til kalk.
Det veks blomar i ørkensand.
Nå skal vi leve på jord, som brør,
Og heise det norske flagg.

BØKER I VINDEN 

Lese, når vinden smell i veggen,
Når det vert riper i fjellet,
Og jordskorpa skjelv.
Lese medan natta murrar og folket søv.
Lese hol i taket, i vinden, vere i huset som ein vaktar
Medan elva går over alle bredder.
Lese utover viddene, åkrane, hagen, i parken,
Og sjå at det går mot vår.

Lese inn dette nye livet,
halde ei stjerne i handa, teikne eit ord.
Lese for alle vindar, for livet som ruskar og riv og slit,
Lese kjærleik i steinar, og få ørkensand til å gro.
Lese meg heim til ein himmel med fred og ro.
Lese meg trygg og glad, som eit tre, som eit barn,
som har fedreland, og far og mor. 

LENGT 

Eg fann deg, fredsengel, fyrste av lys.
Mi lengt var å sjå, men min veg var bak ditt lys.
På jorda er lekamen kald, i lengt etter deg.
Di varme kåpe, din strålekrans, får mitt hjarta til å lyse.

Eg vil møte deg kvar kveld i lyset.
Eg lengtar etter din himmel.
Eg vil sjå deg før teppet rulles inn,
og ingen spør etter vegen.

Eit lys er berre eit lys. Og kvar må passe seg
så ikkje mørkret kjem og kveler våre tankar.
Vår lengt er fred, og lys i deg som skaper
 og gjenskaper alt for tid og evighet.


KROSSEN OG STJERNA 

Ordet er vårt daglege brød.
Lyset er stjerna som gjev liv.
Krossen ropar frå paradis – inn i vår hjelpelause verd.
På ein underleg måte er krossen blitt vår redning.
Krossen og stjerna er søsken som viser veg,
Til liv og lys og kjærleik.

Dei spør etter deg.
Krossen og stjerna finn deg på heile den vide jord.
Du er som eit lite frø, ein spire til liv.
Lys og varme er kjærleik frå paradis.
Det er vardar på vegen din. 

ENGEL 

Lys, min engel,

Lys over Betlehem.

Krubba og krossen er teikn
På frelsaren vår.
Ein veg er blitt til for alle,
Og alle har ein engel i livet
Som hjelper og trøystar
På vegen til Jerusalem.


TAPAR 

Her er ikkje tapar i vår tid,
alle er vinnarar.
Alle som lever har vunne livet.

Vi er barn av vår tid,
og høyrer regnet slå.
Stjernene bak er trøyst.

Men ofte ligg vi vakne og spør:
Kven elskar oss i dag?
Kven elskar oss bak død og grav?

Vi gjev av vårt gull, vår tid, vår sjel.
Og hjarta har mange dører.
Vi gjev til vi står nakne igjen
Og tiggar brød.

Ordet har tusen munnar.
Og alle kan spise seg mette
Av kjærleiken.
Den er som manna i dag.

O.Garborg-ill.

KROSSEN OG STJERNA Poesi – 1982 Del6 *Sigve Lauvaas


O.Garborg-ill.

DETTE ER EI MINNEBOK ANNO 1982





DETTE EINE

Så langt å gå, så langt,
berre for ein kveld, ei oppleving.
Ville gå stien over fjellet, som før.
Var der etter avtale, men aleine.
I denne verda, aleine.
Ser etter nokon, ser møtestader.
Nokon å snakke med om dette eine
som dreg ein utover, vestover, som held ein vaken.
Ville helst gå, tenkje, skrive ord som klør
etter å stå fast, dirrar i skuggenatta.
Dette som gjer ein rik og glad og vaken,
som får ein til å sjå innover heimlandet, seg sjølv.
Ropar etter dette som må kome,
dette eine som møter kvart menneske med trøyst
på ein haldeplass.

Eg ser skuggane kryp.
Landet som smykkar meg, som dreg meg opp
kvar morgon til ei tindrande verd.
At eg får oppleve dette.
Eg er fri til å føle, kjenne,
smake frukta av morgonen.

Det er min dag eg helsar.
Ein måne siglar forbi.
Aleine vil eg gå etter mjølkespannet,
etter deg som ropar og treng trøyst.

Eg ser etter fuglane i himmelrommet.
Kor lenge skal denne trafikken gå
før det heile stuper i kaos?
Vi er eit folk som går i tida,
klamrar oss til vær og vind.
Og naturkreftene ropar.
Det er helse i kvart steg. Eg vil gå til myra,
og hjelpe alle som søkk.
Eg vil vere redningsmann i Blåfjellet.

Og heilage vorde ditt namn.
Nå er det ikkje lenge før snøen kjem.
Snøskavlen brest ein dag.
Her er mange namn i slekta som ropar.


CELLEDIKT

Med vindauget ope, sit med tankar, filar ord.
Frisk vind, nye augo frå vest, stigar
mot fjellheimen, mot kvileheimen.
Her, under stjerner, heilt aleine,
set eg nye spor, set opp merkesteinar, vardar,
brenn bål for ei ny tid.

Smular går til fuglane, fuglane går til Afrika.
Vi treng eit nettverk av trådar
som kan gi dei fattige og sjuke eit nytt liv.


MINNEST

Minnest barndomen som gjekk,
ser spor etter små føter.
Rop som stilnar i mørket, svar som ikkje kom fram.
Blomane, steinbeda, rognbærtreet,
rimet som låg i vindauget, grå dagar, sommar.

Da eg fraus orda or kroppen, og vart stum.
Minnest ropet etter vegar, etter landskap, etter kraft.
Men dagen gjekk,og alt vart svart.

Eg helsar livet. Det er ei gåte, og ei gåve.
Takk for epletreet.
Kvart tre i hagen er ei open dør.
Stig inn. Her er bløming, frukt og bær.
I morgon kjem slekta.
Her er nok mat til alle.

Og regnet kjem på skrå,
og vi må gå den lange vegen
til Soria Moria.


TIDA

Det er den flyktige tida som tek oss i armen,
som ber oss fram til talarstolen, som legg oss i lenker.
Det er tida som held oss fast, som grip oss,
som gjev oss brød og kraft til dagen.
Vi vaker over bålet,
og smir våpen for ei ny tid.


EG VIL VERE

Slik du ser meg, vil eg vere.
Ingen treng å tenkje: eg er alt.
Eg er berre dette eine: jord og kalk.

Ikkje hus og slott kan måle draumen.
Signe den som må tåle flaumen
Og leve som ein narr i all si tid.

Vener held ord.
Eg vil vere den eg var i fjor.
Vere i denne skoddedraumen,
med englar og lys.

Eg er berre den eg er, skinn og bein,
Med eit varmt hjarta.
Eg er ein lovnad for framtida.
Eg skal heise flagg for Israel.

Sjå, eg stig. Eg har funnet ordet.
Fjellet er bratt, visdommen er høg.
Sanninga er lyset.

Eg søkjer ingen gravstein.
Mi reis er ikkje slutt.
Over fjell, og høgt til himmels,
Skal eg stige i ei sky.

Eg skal sjå når teppet rivnar,
Heise flagg i Davids by.

Eg er eit frø frå nord, frå smelteisen.
Eg lengtar tid å sjå Jerusalem.
Eg har eit rom ved tempelporten.
Der vil eg flytte inn ein dag.


ISRAEL

Auga ser. Landet talar.
Herren opnar dører.
Heile verda trugar Israel.
Dei gudlause spottar namnet.

Kven vil til Israel. I dag er døra open.
Jerusalem og Betlehem, Jeriko og Nasaret
Høyrer til det forfølgde hus.

Ord er tydelege i dette landet.
Ordet grip, berre ein tek imot.

Gi alt du eig til dei fattige.
Det er ikkje lenge att.
Klagemuren, Tempelet, Jakobs brønn
er eit vitnemål - at Herren lever.

Ta imot hans gåve, og du vert frisk.
Eit nytt menneske kan reise seg
 på vegen til Paradis.

Gjennom lyset og krossen er alt mogleg.
Livet er berre eit stadium.
Dag og natt er berre rom.
Snart skal vi sjå herren igjen.
Vi er hans stjerneteikn på jord.


TANKEN

Tanken kan låse seg. Tanken er fri.
Sjå til at striden er ferdig,
at fredstreet er planta i jord.

Eit tre skal vekse i draumen.
Ein tanke er som eit gitter,
Med signal for håp og tru.
Tankane dirrar og veks, og byggjer hus.

Tanken er ein reiskap, byggjesteinar,
som utvidar sirklane, som utvidar livet.
Nettverk med bruer og usynlege trådar
Bind oss saman med slekt og vener.
Kjærleiken veks i rommet.
Tanken er fri.
Og alle folk levande greiner
I tuntreet, verden..


TANKAR

Å vere aleine, sjå stjerner og
vandre langs gule krossar,
er som å vere til i mørkret.

Å vere ljos i mørkret, er som eit vindauge.
Du kan sjå, og du vert sett.
Himmelen er for alle.
Ein skulle få svar før ein er framme.


BØN

Alle er vi eit hus, eit rom for tru og tvil.
Med lyset får vi kraft.
Av ordet veit vi vegen.
Fattig er det menneske som ikkje ser lyset.
Krossen er for alle.

Krossen er eit ankar for vår tru.
Anden hjelper oss på vegen, opnar dører,
 og lyser for vår fot.
Takk for denne vegen til livet.
Takk for ditt levande ord.
Trua er ei gåve vi kan ta imot.
Hjelp alle til å sjå lyset på jord.


O.Garborg-ill.